Morten Moldrup. Foto: Stord hanball
- Annonse -

Det er med stor glede Stord handball kan presentere Morten Moldrup som ny fulltidstilsett trenerressurs i klubben.

Pressemelding frå Stord handball.

Moldrup er 27 år frå Hørup tett på Sønderborg i Danmark. Han har brei spelarerfaring heilt opp til øvste nivå i Danmark.

– Som trenar har han god erfaring med spelarutvikling i ungdomslag og er soleis ein meget god match til Stord Handball sin strategi om å byggje klubben frå ungdomslaga og oppover, melder Bjarte Epland i Stord handball.

Han skal ha hovudansvaret for herrelaget i 2. divisjon, rekruttlaget i 4. divisjon samt to av ungdomslaga. I tillegg skal han ha ansvar for å gjennomføre klubben sin sportsplan i praksis ned i ungdomsavdelinga, og vere klubben sin samlande trenarressurs på tvers av alle lag, melder klubben.

Moldrup startar i stillinga 1. juni og har skrive ein to års kontrakt med klubben.

- Annonse -