Stord G15 er eit av seksten lag frå Stord som skal delta på Dana Cup i år. Til høgre ser du Thorstein Hildal i kvit drakt. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.
- Annonse -

Om to dagar går Dana Cup av stabelen. Stord G15 er blant laga som skal delta for første gong.

– Eg ser me er komen i ei god pulje, så det kan bli tøft å nå A-sluttspel. Men ein veit jo aldri. Me går på banen for å vinne kvar kamp, seier lagtrenar Atle Nilsen.

Året før deltok gutane på Norway Cup. I år er Stord G15 blant seksten lag frå Stord som skal delta på den årlege fotballturneringa. Dette er første gong laget deltar på Dana Cup.

Kan bli tøft

Dana Cup blir arrangert kvart år i Hjørring i Danmark og er verdens tredje største fotballturnering for barn og ungdom.

Nilsen legg ikkje skjul på at det kunne vore kjekt å kome langt i sluttspelet.

- Annonse -

– Me har eit tåleleg bra lag. Det hadde jo vore veldig stas å kome langt i cupen, men det er eit ganske høgt nivå. I Dana Cup har ein både eit A-sluttspel og eit B-sluttspel. Så me får sjå korleis det blir, seier han.

– Først og fremst vil me berre prøve å spele god fotball.

Det er eit blanda lag som reiser til Dana Cup av første og andre divisjon. Oppimot fem av spelarane er eit år yngre.

– I år har me ingen overårige spelarar med på laget. Så det kan bli tøft å møte andre lag med fleire overårige, opplyser Nilsen.

Jamleg trening

Innspurten før cupen er i full gong. Men noko ekstra hard trening har laget ingen planar om, ifølgje Nilsen sjølv.

– No har me trena i to veker. Ikkje kvar dag, men ca. fire dagar i veka. Når gutane har fri, er dei mykje på bana av seg sjølve, fortel han.

– Oppkvinnene har dessutan gjort ein kjempejobb rundt organiseringa. På den måten har me kunne konsentrert oss fullt og heilt om trening.

Trenaren legg vekt på at fritid er viktig.

– Me trenar jamt og trutt heile året. Til vanleg spelar me i serien her heime, eitt i første og eitt i andre divisjon. Gutane trenar mykje. Derfor treng dei litt fri rett etter serien, meiner han.

- Annonse -