Dalaneset vil ta seg vakkert ut i kystlandskapet i Mosterhamn.
- Annonse -
- Annonse -

Salsstart for 37 unike bustadar i Dalaneset-prosjektet Mosterhamn er i gang. 

Ytst i sjøkanten i naturskjønne Mosterhamn på Bømlo vil det snart reise seg eit idyllisk bustadprosjekt. Her skal det byggast 37 flotte bueiningar i størrelse frå 73 m2 – 144 m2.

Her kan ein nyte frukost på terrassen i varm morgonsol, avslappande kvelder med dorging, rask ferdsel med båt eller bil til dei næraste tettstadane.

Bustadprosjektet skil seg ut samanlikna med andre moderne bustadprosjekt.

– Då me begynte på prosjektet såg me først på moglegheita for å bygge eit høghus. Men det skrinla me kjapt, seier Aage Vikse i Dalaneset AS.

– Det hadde ikkje blitt noko fint på ein så fin tomt. Det ville ikkje passa inn på staden. Då kom me i staden fram til kytbyggestilen.

- Annonse -

Dei 37 bustadane som inngår i prosjektet minner mykje om gamle, idylliske tettstadar langs vestlandskysten.

– Det blir ein gammaldags kyststil som me ivaretek både med materiale og utforming. Litt slik ein bygde naust før, utan takutstikk og med tegl på taket for å ivareta uttrykket. Så har me moderninsert det litt for å få det spenstigare.

Tunområdet skal vere ein stad utan biltrafikk, ein stad der det er sosialt og triveleg å ferdast i. I front skal det vere strandpromenade, og det blir båtplass for dei som ønskjer.

– Me vil ha høg grad av beplantning for at området skal framstå fint. Det blir også parkeringskjellar for å halde det mest mogleg bilfritt, for å halde tunet reint og fint, seier meklar Håkon Brandtzæg i Eiendomsmegler 1 i Haugesund.

Bustadprosjektet er framtidsretta på fleire vis. Ikkje minst har dei lete seg inspirere av den nye delingsøkonomien som er på frammarsj.

– Me har lagt inn eit felleshus med selskapslokale og kjøkken som folk nytta til selskap eller for å møtast og ta ein kopp kaffe i kvardagen. Me kjem også til å kjøpe inn elsyklar og kajakar som folk har på deling, seier Vikse.

12. februar gjekk startskotet for salet. Meklaren er godt nøgd med pågangen etter at salsstarten kom i gang.

– Allereie før salsstarten hadde me sju førehandssal, og no har me ti sal og to reservasjonar. Me har eit mål om å selje halvparten innan sommaren. Då vil prosjektet vere ferdig i første kvartal 2021.

– Me er veldig nøgd med dette. Me har også ganske mange på lista som er i tenkeboksen. Det har vore veldig god mottaking lokalt, seier Brandzæg.

Meklaren trur prosjektet ikkje berre kan vere aktuelt for bømlingar, men også folk frå Stord og andre som ser etter bustad eller feriebustad.

– Me håper at det kjem folk frå kringliggande kommunar. Stord-folk held seg ofte på Stord, men Moster er ein stad me ser at stodabuen godt kan flytte til. Du brukar berre 15 minutt så er du på Heiane.

– Kven passar desse bustadane for?

– Den yngste kjøparen er 26 år gammal, og den eldste er 80. Så det er ein god spreiing i kjøpargruppa. Etterspurnaden etter nye bustadar er stor uansett kor dei ligg. Moster er ein mindre plass, men også her ønsker folk nye bustader for å sleppe vedlikehald, som det gjerne er på bustader frå 60-70 talet. Med Husbankfinasiering får ein også gunstig rente og mogelegheit for avdragsfridom slik at bukostnadane blir svært låge.

Veidekke har totalentreprise på prosjektet, som er teikna av arkitektkontoret Vikanes Bumgum i Haugesund.

– Me har eit godt samarbeid med dette arkitektkontoret på mange andre prosjekt i distriktet. Dei er veldig gode på å ta utgangspunkt i prosjektet frå kjøparen si side, og korleis skape mest mogleg plass rundt huset, seier Bramtzæg.

Dei vil rose Bømlo kommune for å vere ein ja-kommune for å få gjennom prosjektet.

– Me meldte oppstart av reguleringsplan i februar 2018, og allereie no ligg det ute for sal. Bømlo kommmune har vore veldig positive. Dei har vore ein ja-kommune, og har vore veldig konstruktive i dialogen me har hatt med dei. Det skal dei ha all mogleg honnør for, seier Vikse.

– Det at det har vore industri her før, og at området får seg eit løft var eit godt argument for det offentlege. Det blir allment tilgjengeleg. Kommunen var også veldig interessert i å realisere eit prosjekt som er positivt for denne delen av Mosterhamn.

Initiativtakarane bak prosjektet består av Aasen Shipping og Vikse AS. Dei investerer totalt i overkant av 100 millionar kroner i prosjektet, noko som gjer det til eit av dei største bustadprosjekta på Bømlo.

Kontakt:

Eigedomsmeklar Eiendomsmegler 1

Meklar Håkon Brandtzæg,
Tlf: 938 16 627

Meklar Ove Sagenes,
Tlf: 928 06 333

Andre uteliv og restaurantar

DEL