Dag Sele er ferdig som fylkesleiar i Hordaland KrF. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Eit djupt splitta Kristeleg Folkeparti som valde å gå inn i Solberg-regjeringa får mange ringverknadar. Stordabu Dag Sele har bestemt at han ikkje lenger vil leie partiet i Hordaland.

Gjennom heile fjoråret har Dag Sele vore blant dei ivrigaste støttespelarane til avgått KrF-leiar Knut Arild Hareide. Sele har ønskt at partiet skulle samarbeide til venstre i norsk politikk.

Slik gjekk det som kjent ikkje. Dermed har Sele gjort det same som den tidlegare partileiaren frå Bømlo. Nemleg å trekkje seg får leiarvervet i Hordaland KrF.

– Hordaland KrF fortener ein leiar med tilstrekkeleg entusiasme. Eg fryktar me går inn i eit prosjekt som drar partiet i feil retning, seier Sele til NRK.

Han kjem til å formelt gå av på årsmøtet til partiet på Askøy 7. mars, sjølv om han er valt for to år. Stordaben er også innvalt i sentralstyret til KrF, og kjem truleg også til å trekkje seg frå dette vervet under partiet sitt landsmøte i april.

Sele seier det er samarbeidet med Frp som er hovudårsaka til at hant rekkjer seg.

- Annonse -
- Annonse -

– Sjølv om det er mange gode KrF-gjennomslag i regjeringsplattforma, er eg bekymra for gjennomslaga Frp får. Det viser seg at avstanden til Frp ikkje er blitt tydeleg mindre samanlikna då me røysta i mot å gå i regjering.

- Annonse -

Stordabuen understreker at han ikkje trekkjer seg som medlem av partiet.

Dag Sele er ikkje den einaste lokale KrF-politikaren som flaggar tydeleg motstand mot rejgeringsdeltakinga.

Tidlegare KrF-ordførar og lensmann i Tysnes, Lorentz Lunde, kom med ei kraftsalve på Facebook kort tid etter gårsdagens pressekonferanse.

«Tragisk og splittande. Ei syltynn og upopulær regjering (…) Me har fått stadfesta at argumentasjonen til Ropstad og Solberg var ein kjempebløff. Eg skjemst over å vera medlem i eit parti med ein leiar som ikkje fann grunn til å gå i rette med rasistiske haldningar i Frp, men samarbeida tett med slike folk.»

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -