Dag Sele frå Stord KrF er sentralstyremedlem i KrF og stiller seg bak retningsvalet til Knut Arild Hareide. Foto: KrF
- Annonse -

Ein lege frå Stord kan vere den som skal løfte KrF i Hordaland ut av krisa, men han utelukkar samarbeid med Frp.

Fylkesvaraordførar Pål Kårbø takkar for seg som leiar av det kriseråka prtiet, etter seks år som leiar. Laurdag, under partiet sitt fylkesårsmøte på Sotra, skal det veljast ny.

Ein av dei to leiarkandidatane, Dag Sele, bur på Stord. Sele jobbar som lege ved Valen sjukehus, og flytta til Stord då han slutta som fastlege i Bø grunna reservasjonsstriden for abort.

Vil ikkje samarbeide med Frp

Han får konkurranse av Beate Husa frå Sund, som også er innstilt som leiar.

Ein av sakene som splittar dei to leiarkandidatane er deira syn på om partiet skal samarbeide med Framstegspartiet. Her er Dag Sele tydeleg motstandar.

– Slik den politiske situasjonen er i dag, meiner eg at me ikkje kan det. Slik vurderte me det også i forkant av valet. Den politiske avstanden mellom oss er for stor, seier Sele til Dagen.

Kriseråka parti

- Annonse -

Dersom Sele blir valt som leiar får han ansvaret for å løfte partiet ut av krisa. KrF gjorde i fjor nemleg sitt dårlegaste val i Hordaland sidan andre verdskrig, med fattige 5,5 prosent av røystene. Hordaland var eitt av fylka der partiet opplevde den mest dramatiske nedgangen.

Dag Sele sit i dag i sentralstyret til KrF og er nestleiar i styret for Stord KrF.

Førre veke vart Geir Angeltveit frå Stord valt som nestleiar for Venstre.

- Annonse -