Ein stolt Steinar Andersen om bord på den nye slepebåten«Daafjord», som er klar for testing. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

På Dåfjorden Slipp siktar dei seg inn på tjukk is i inn- og utland når dei i desse dagar gjer seg klare til å testa ein nyutvikla og patentert isbrytar.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

– Med denne isbrytaren ynskjer me å ta ein marknad som ingen andre i Noreg er inne på, seier dagleg leiar ved Dåfjorden Slipp, Steinar Andersen.

Den nye isbrytaren vil kunna bryta seg gjennom éin meter tjukk is, men dei har krefter til meir. Den nye isbrytaren skal nemleg monterast på slepebåten«Daafjord», som i desse dagar er i ferd med å bli klar for testing.

Første nybygget sidan 1950-talet

Dette er ein kraftplugg som har blitt utvikla og bygd ved Dåfjorden Slipp. Steinar fortel at det er Bjarne Engen som har teikna og berekna både slepebåten og isbrytaren. Ideen bak begge delar har Steinar Andersen sjølv. Slepebåten er det første nybygget i Dåfjorden sidan 1950-talet.

– Isbrytaren vil skapa ein revolusjon! slår Andersen fast.

- Annonse -
- Annonse -

Med 6 tonn skyvekraft vil me klara ein meter tjukk is, seier Andersen, og legg til at den nye slepebåten «Daafjord» klarer minst 8-10 tonn. Dette er ein skikkeleg kraftplugg på nærmare 40 tonn, med ein motor på 750 hk. Han er knapt åtte meter lang og vel fem meter brei, og skal vera den tryggaste slepebåten i verda.

Terje Stokken og Steinar Andersen med teikningar av den nye isbaugen og slepebåten «Daafjord». Foto: Kjetil Rydland.

Ny patent for å bryta is

Isbrytaren «Daafjord» har langt større trekkraft enn andre slepebåtar på same storleik. I tillegg har dei fått teikna to slepebåtar til i same fasong, som skal bli langt større. Den eine blir 15 meter lang og skal vega 60 tonn. Den største skal vera 24 meter lang og vega fleire hundre tonn. Og framleis er dei relativt små samanlikna med mange andre slepebåtar, legg Andersen til.

Inkludert den avtagbare isbaugen på 17 tonn vil heile isbrytaren vega 57 tonn. Men isbaugen blir festa med ei «hurtigkopling» framme på slepebåten og flyt sjølv. Båten skal skubba, og ikkje bera.

Isbrytaren består av to spisse mothold som flyt over isen i ein avstand på sju meter. Under isen går ein kam, og prinsippet er å knekka isen over denne kammen slik du knekkar ein pinne over kneet. Det blir minimal kontaktflate, slik at nesten all kraft blir brukt på å knekka isen.

- Annonse -

Andersen minner om at på ein tradisjonell isbrytar går 70 % til friksjon og berre 30 % til å knekka isen. Derfor vonar Steinar Andersen å konkurrera med langt større og dyrare isbrytarar med 20 000 hestekrefter. – Og me ser ikkje for oss berre Noreg som marknad, seier han, men Austersjøen, kanalane i Europa, USA og Canada!

– Me vågar å setja oss mål! seier han, og legg til: – Dette har me tru på!

Over denne kammen som skal gå under vassflata, vil is opp til ein meter knekkast. Foto: Kjetil Rydland.

Vil skapa arbeidsplassar i Dåfjorden

Andersen seier det gjeld å ikkje vera redd for å dumma seg ut. Og han meiner det blir bra greier dersom det verkar. Men slike atterhald vil ikkje kollega Terje Stokken høyra snakk om:

– Det verkar, seier han, det blir ein innertiar!

No vonar dei å produsera slepebåtar og isbrytarar i stor stil på Dåfjorden Slipp i framtida. Draumen er å utvida verftet og gi arbeid til 50 tilsette.

– Me er ikkje ute på tynn is enno!

Slepebåten ligg allereie ved kai og er klar for testing. Isbaugen reknar dei med å testa rett over nyttår. Om det blir høve til å testa han under Dåfjordbrua og innover mot Rydlandssago, er vel tvilsamt. Steinar Andersen reknar med å reisa til Sørlandet, Oslofjorden og kanskje til Austersjøen for å testa den patenterte isbrytaren sin.

Leiaren ved Dåfjorden Slipp legg ikkje skul på at dei har satsa pengar på prosjektet. Dei har brukt rundt 2,5 millionar av eigne midlar, men han er sikker på at dei vil klara seg:
– Me er ikkje ute på tynn i is enno!

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -