Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Skuldast vedlikehaldsarbeid på Kattnakken.

Stord24 fekk tysdag inn fleire tips om at DAB radio-nettet på Stord er nede.

Norkring, som har ansvaret for DAB-sendarane, opplyser at dette skuldast vedlikehaldsarbeid på Kattnakken.

– Det pågår planlagt arbeid på Kattnakken både i dag og i morgon, opplyser regionleiar i Norkring vest, Vidar Vågen.

Han opplyser at det kan bli brot på DAB-sendingar i perioden 9 til 15 både tysdag og onsdag.

- Annonse -
Forrige artikkelNye Veier går vekk frå forslaget om indre trasé
Neste artikkelBrakkeskulen på Nysæter blir nesten to månadar forsinka
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no