Illustrasjonsfoto.
- Annonse -

Rundt midtnatt tysdag stansa politiet ein bil med hengar på E39 ved Hovland i Fitjar, grunna manglande baklys på hengaren. Det var berre starten på visa.

Under sjekken vart det oppdaga varmgang i motorrommet på bilen, med synlege glør.

Patruljen måtte stanse desse glørne med pulverapparat.

– Patruljen vår sløkka glørne på eit tidleg stadie. Kva som var årsaka til at det oppsto tillaup til brann veit me ikkje, men det blir oppretta ei såkalla trafikksak på brannen, seier Victoria Hilveg, operasjonsleiar i Sørvest politidistrikt.

Brannvesenet kom også til staden for å sjekke bilen, men dei fann at det ikkje var fare for ny brann.

Føraren var ein mann i 40-åra, heimehøyrande i Rogaland.

- Annonse -

Han vert politimeldt for heile fire forhold: for uaktsom køyring, for ikkje å ha sikra tilhengerlasten tilstrekkeleg, for manglande lys, samt køyring med berre tre dekk på hengaren.

- Annonse -