Aker Solutions på Stord er blant verfta som kan bli råka av permitteringar etter påske. Foto: Aker Solutions
- Annonse -

Etter tre veker utan registrert smitte på Stord, meldte kommunen onsdag kveld om eit nytt tilfelle.

Personen som er smitta er frå ein annan kommune og innleigd ved Aker Solutions.

– Ingen symptom. Vedkommande har vore i fritidskarantene, no isolert, skriv Stord kommune.

Smittesporinga er gjennomført og elleve nærkontaktar er som følgje av dette sett i karantene. Kommunikasjonssjef ved Aker Solutions, Odd Naustdal, opplyser til Stord24 at den innleigde arbeidaren kjem frå Bergen.

Avdekka smitte i test nummer to

Naustdal seier at selskapet har sett eigne smitteverntiltak og krav til testing av personar frå kommunar som på tidspunktet for jobbreisar er underlagt høge tiltaksnivå.

– Då me tok dei inn, sette me på eige initiativ krav om at dei skulle testast ved ankomst, i tillegg til krav om fritidskarantene i eigen brakkeleir. Dei fekk gå på jobb etter negativ første test.

- Annonse -

Arbeidarane måtte gjennom ny test etter sju dagar, og det var i denne testen at leigearbeidaren vart påvist Covid-19.

– Det var viktig for oss å verne om aktiviteten og personell, og difor ha eit godt system for å avdekkje smitte. Det er dette systemet som har gjort at me har avdekka at ein person frå Bergen var smitta.

Testar heile skiftet på nytt

Vedkommande hadde vore på jobb i mellomtida og dei elleve nærkontaktane er kollegaer ved Aker Solutions. Førebels påverkar dette ikkje arbeidet ved verftet.

– Førebels har det ingen vesentleg påverknad. Men etter eit føre var-prinsipp bestemte me å teste alle på dette skiftet på nytt, seier Naustdal.

Skiftet tel om lag 40 personar.

Kommunikasjonssjef i Kværner, Odd Naustdal. Foto: Camilla Aadland/Sysla