Til våren blir Extra-kjeda å sjå på Amfisenteret. Foto: Coop
- Annonse -

Våren 2018 opnar ein 1500 kvadratmeter stor Extra-butikk i Leirvik sentrum.

– Extra-kjeda har opplevd ein eventyrleg vekst og kundane, som også er medeigarane våre, har openbart sett stor pris på kombinasjonen av låge priser og stort utval. Denne vinnaroppskrifta blir videreført og me ser fram til å opne endå ein Extra-butikk på Stord allereie til våren, seier Regiondirektør Trygve Vikse i Coop.

Coop driv som kjent ein stor Extra-butikk i Heiane Storsenter. Denne butikken er med ei omsetning på godt over 100 millionar kroner og nesten ein halv million kundar i året blant dei største i kjeda.

– Extra-butikken på Heiane er veletablert og er blitt godt motteken. Me er sikre på at den nye butikken på AMFI Stord også kjem til å bli ein kjempesuksess, seier Trygve Vikse.

Den nye butikken blir på 1500 kvadratmeter, noko som er ein auke på 400 kvadratmeter frå dagens butikk.

Eigedomssjef Hans Henrik Holck hos Amfi/Thon er godt nøgd med valet av ny daglegvarekjede.

- Annonse -

– Me ønskjer Extra velkomen til Amfi Stord. Dette er veldig positivt for oss og ikkje minst for kundane på Stord, seier senterleiar Hans Martin Haavik.

Som Stord24 tidlegare har meldt skal det fjernast rundt 60 parkeringsplassar for å få plass til den nye butikken. Det vil bli mykje lettare for dei handlande når den nye butikken kjem, då det vil bli inngang direkte til butikken frå parkeringshuset.