Akhtar Chaudhry. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Nominasjonskomiteen har innstilt Akhtar Chaudhry frå Stord som organisatorisk nestleiar i nystifta Vestland SV.

I samanheng med fylkessamanslåinga blir også fylkeslaga til dei politiske partia i Sogn og Fjordane slegne saman.

Vestland SV skal formelt bli stifta om to veker. Nominasjonskomiteen ønskjer då at Akhtar Chaudhry frå Stord skal bli organisatorisk nestleiar i fylkeslaget.

Chaudhry er i dag nestleiar i Hordaland SV.

Hege Lothe frå Sandane i Sogn og Fjordane er innstilt som leiar av Vestland SV. Valnemda foreslår i tillegg Gina Barstad frå Bergen som politisk nestleiar.

- Annonse -

– Vestland SV har god medlemsauke og medvind i målingane. Det er difor spennande å få lov til å vere med på å utvikle to fylkeslag til ein slagkraftig og effektivt valkamporganisasjon fram mot fylkestings- og kommunevalet, seier Hege Lothe som leiar valnemnda.

- Annonse -
- Annonse -

SV sa i utgangspunktet nei til samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland.

– Me vann ikkje fram, så no er den viktigaste utfordringa å skape eit nytt storfylke som er tenleg både for bygdene i distrikta og for byen i sentrum. Då trengst SV for å lage miljøvennlege kollektive løysingar og ein solid politikk for tenester og utvikling i heile fylket, seier Hege Lothe.

- Annonse -