Cecilie Anna frå konserten ho haldt i Manchester tidlegare i haust. Pressefoto.
- Annonse -

Fredag feirer Cecilie Anna lanseringa av den nye soloplata «New Bird» med lanseringskonsert på Sykkel & Kaffi.

– Gratulera med dagen! Korleis kjens det å ha slept di andre soloplate?

– Nei, det er veldig kjekt. Det er utruleg mykje arbeid som ligg til grunn, så det er jo ein dag for å feire. Og det gjer me jo. Det er mange som har vore med å hjelpt, så det er ein dag me deler med fleire. Spesielt Gisle Østrem, som har stått for innspelinga og miksinga. Det er ein veldig fin prosess frå byrjing til slutt.

– Plata har allereie fått 5 av 6 i karakter i musikkmagasinet Gaffa, som skildrar musikken som «lågmelt og ufatteleg vakkert». Kor kjekt er det?

– Det var ein vanvittig god platemelding. Det er alltid stort, for det jo utruleg mange som driv med musikk og sosm ønskjer seg platemeldingar. Så det er veldig, veldig kjekt. Det kan jo også kanskje opne dørar vidare.

– Ein høyrer ofte at det er vanskeleg å gi ut plate nummer to. Har det vore det for deg?

- Annonse -

– Nei, veit du kva. Ikkje for min del. Eg held no berre fram med det eg alltid har halde på med. Om det er den første, andre eller tredje plata kjenner eg ikkje så stor forskjel på. Det blir eigentleg berre kjekkare og kjekkare. Eg er på min veg, og den kosar eg meg veldig med.

– Er det ei raud tråd i den nye plata?

– Nei, eigentleg ikkje. Dette er musikk som eg dedikerer til folk eg er glad i og som eg set pris på. Dette er ikkje eit nytt prosjekt. Plata er ein konsekvens av livet. På same måte som at livet er det same som før, men framleis litt ulikt.

– Korleis har du jobba for å gjere songane til ein heilskap, eit album?

Cecilie Anna har fått god hjelp av kjærasten Vidar VEdå (t.v.) og produsent Gisle Østrem. Her frå ein konserttur til Manchester tidlegare i haust. Pressefoto.

– Eg brukar i utgangspunktet berre dei songane eg har spelt inn, og tenkjer jo at songane heng saman uansett. Så handlar det mykje om å setje rekkjefølgje av songane. Det brukar me mykje tid på, og ønskjer å forme opplevinga til lyttaren. Det er viktig at songane gir rom til kvarandre i staden for å overskygge kvarandre.

– Både du og Endre Olsen har fått svært gode platemeldingar. Likevel er det sjeldan ein høyrer dykk på radio. Kvifor er det slik?

– Det er nok ganske likt for veldig mange som driv med musikk i Norge. Eg føler ikkje me er spesielt gløymt. Men det er jo klart at eg har eit mål om at musikken min skal bli spelt på radio, og ein gjer jo det ein kan for at det skal skje. Men det er jo ikkje opp til oss. Ein skal gjerne ha litt flaks også.

– I kveld blir det plateslepp på Sykkel & Kaffi?

– Ja, då håper me jo på fullt hus. Me gler oss veldig til å vise fram musikken og til å glede dei mange som har støtta oss. Då er det Vidar Vedå og Lene Jeanette Skogvold, som også syng på plata, som vil framføre musikken saman med meg.

– Kva planar har du vidare no?

– Det er ikkje lagt opp til noko særleg lanseringsturné. Me får sjå når sjølve vinylplata kjem i november/desember. Så no blir det berre å kvile ut og slappe av. Ellers lagar eg jo alltid ny musikk, så det er jo ikkje noko grunn til å slutte no. Så det er no det det går i.

Plata til Cecilie Anna er frå og med fredag tilgjengeleg i strøymetenester. Her kan du lytte på plata på Spotify.

- Annonse -