Kjærasteparet Vidar Vedå og Cecilie Anna Rønhovde vil opptre i lag på Bømlo neste helg. Foto: Roald Sundal
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Med musikalsk støtte av kjærasten «Vise-Vidar» skal Cecilie Anna presentere stoff frå sitt komande soloalbum.

Både Cecilie Anna Rønhovde og Vidar Vedå er kjende figurar frå musikkmiljøet på Stord. Men konserten dei no skal halde på Bømlo søndag 2. juli vil vere eit unikt høve til å høyre låtar frå Rønhovde si første soloplate, «I’m Here», som nett er ferdig spelt inn og som ho gir ut under artistnamnet Cecilie Anna.

– Det er eigentleg første gongen eg har ein konsert som Cecilie Anna. Ein del av materialet er lenge sidan eg har laga, så det er jo veldig kjekt å få synt dette fram. Og så er det jo ganske kjekt at eg har ein allsidig kjærast som skal kore på ein del av songane.

God kjensle

Kjærasten er Vidar Vidå, kjend frå Storm Weather Shanty Choir, og som også er ein driven trubadur. Han vil i tillegg til koringa varme opp for Cecilie Anna med sitt eige låtmateriale.

– Det blir spennande å sjå kva folk synest. Eg har no ei god kjensle, seier ho.

- Annonse -
- Annonse -

Cecilie Anna, som også er travelt oppteken som låtskrivar og vokalist i bandet Familieforetaket, er nyleg ferdig med innspelinga av debutalbumet. Ho vonar det vil bli slept før jul.

– Me er komne ganske langt. Eg trur at det som skal spelast inn er blitt spelt inn, så det er veldig spennande. Eg vonar det kjem i år, men det er vanskeleg å vere meir spesifikk fordi no har eg på ein måte gjort mitt.

Lokalt studio

Cecilie Anna nyttar studioet til Gisle Østrem, kjend frå Storm Weather Shanty Choir.

– No står det att miksing og mastring, og det er tidkrevjande prosessar for å få ting til å låte akkurat som det skal låte. No står det eigentleg på Gisle Østrem, og han må få tid til å gjere sine ting. Men me har eit håp om at plata blir gitt ut i år, fortel Rønhovde.

- Annonse -

– Er du perfeksjonist i studio?

– Det er ikkje heilt rett å kalle meg perfeksjonist. Eg vil at musikken skal ha den sjela som den skal ha. Det er ikkje for å ta ting om att fordi eg landa på feil ord. Eg er meir ute etter dei større linene og kjenslene i ting.

Blir konsert på Stord

Sjølv om debutkonserten til Cecilie Anna blir på Bømlo, så kan ho nesten love at det ikkje vil ta lang tid før også Stord-publikummet kan få høyre dei ferske låtane.

– Det ligg nok litt i korta at det kjem ein konsert på Stord også. Me har ikkje heilt sett opp ein dato, men eg vonar det blir i tilknyting til sommaren. Folk får no berre følgje med så skal eg gi klart og tydeleg beskjed, seier debutartisten.

Konserten på Bømlo vil gå føre seg i Ungdomshuset i Bremnes sentrum søndag 2. juli klokka 17.

Her kan du høyre låta «Im Here» av Cecilie Anna:

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -