Høgskulen på Vestlandet, campus Stord. Foto: HVL
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er fleire steg nærare å status som universitetet etter at styresmaktene har godkjend nye doktorgradsstudium.

I dag er det ti universitetar i Norge. No kan HVL, og studiestadane Stord, Haugesund, Bergen, Førde og Sogndal, få status som det ellevte universitetet.

Bakgrunnen er at dei no har fått godkjent nye doktorgradsstudium. Det er nemleg ei føresetnad at institusjonen har ein viss prosentdel doktorgradsstudium for å oppfylle kriteriane for å bli universitet.

Til høgskulen si heimeside fortel rektor at arbeidet med sjølve universitetssøknaden er godt i gang. Målet er å bli eit universitet innan 2023.

– Me har nådd ein milestein, og er fleire steg nærmare å bli eit universitet, seier rektor Berit Rokne til høgskulen si eiga heimeside.

- Annonse -

– No er grunnlaget langt på veg lagt for å etablere det nye universitetet på Vestlandet, som blir eit profesjonsretta og arbeidslivsretta universitet.

- Annonse -
- Annonse -

Høgskulen på Vestlandet har i dag til saman 16.600 studentar og 1578 årsverk.

Nærregion Stord/Haugesund har 3400 studentar og 330 årsverk.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -