Byrået vil no bestå av 21 tilsette. Foto: Byrået
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Alle dei tilsette i reklamebyrået Sydvest blir ein del av Byrået.

– Hausten har vore særs spennande for oss på Byrået, der me endeleg kan gå ut med nyhenda om at me har kjøpt 100% av aksjane reklamebyrået Sydvest AS, skriv Byrået i ei pressemelding.

Selskapet melder at med oppkjøpet vil Byrået no bestå av totalt 21 tilsette, som vil halde til i Byrået sine lokale på Heiane.

– Dette er eit ledd i ei større strategisk satsing der me frå 1. oktober vil vera det største fullservice reklamebyrået i regionen.

Noverande dagleg leiar for Sydvest AS, Jostein Sydnes, ser positivt på å bli ein del av eit større fagmiljø.

– Den digitale utviklinga har prega bransjen vår enormt. Me ser auka krav til spesialisering, og må samstundes framleis sikre heilskap og raud tråd for kundane våre. Det nye byrået gjev høve for bredde og samstundes rom for å dykka ned i større prosjekt, seier Sydnes.

- Annonse -

– Me ser fram til å verte ein totalleverandør, der me i Sydvest tek med vår kompetanse inn i eit godt etablert selskap som har evne og vilje til å satsa.

Dagleg leiar i Byrået, Olav Andersen, ser fram til å auke staben med dei seks tilsette frå Sydvest.

– Oppkjøpet er eit ledd i ei omfattande oppgradering av bedrifta, der me i tillegg til dagens solide produksjon skal styrkje oss innan kommunikasjonstenester. Gjennom oppkjøpet får me med oss seks dyktige tilsette med lang fartstid og solid kompetanse i sitt fag.

Han har tru på at dei to selskapa kjem til å dra synergieffektar frå kvarandre.

– Me kan vise til godt samarbeid opp igjennom åra og veit at dei to selskapa utfyller kvarandre godt. Denne satsinga er noko me verkeleg har trua på.

Sydvest hadde i 2018 ei omsetnad på 4,6 millionar kroner. Byrået omsette for vel 15 millionar kroner same år.

For ordens skuld: Jostein Sydnes i Sydvest er styreleiar i Stord24.

- Annonse -