- Annonse -
- Annonse -

I ein bransje i stadig vekst og utvikling utvidar Byrået teamet og dagens kompetanse med to nye tilsette.

Annonsørinnhald frå Byrået.

Dette er eit ledd i verksemdas store satsing for å styrkje dagens posisjon som reklamebyrå.

– Me er no i gong med ei omprofilering av bedrifta, der me i tillegg til dagens solide produksjon skal styrkje oss innan byråtenester. Dette vil være ei kostbar satsing, men det er noko me verkeleg har trua på, seier dagleg leiar Olav Anderssen.

Sidan etablering i 2002 har Byrået hatt ein solid vekst både med tanke på antal tilsette og økonomiske resultat, der verksemda i 2018 hadde ei omsetning på over 15 millionar kroner. Byrået består i dag av 14 tilsette, og held til i relativt nytt og moderne bygg på Heiane. Sjølv med nye lokaler påverkar satsinga også dagens lokalbehov, der verksemda planlegg innan få år å byggje eit større tilbygg i tilknyting til dagens lokaler. Dette vil gje rom for fleire tilsette i framtida. I fyrste omgang vil dei laga eit midlertidlig tilbygg, som vil sikre at det er plass til dei nye tilsette som dei no er på jakt etter.

Satsinga på byråtenester som marknadskommunikasjon, design og digitalutvikling er i gong, der Anderssen fortel at det allereie er tilsett ein marknadsrådgjevar, og at dei no kan tilby tenester innan marknad- og kommunikasjonsrådgjeving. Målet er at kunden skal kunne få hjelp til all kommunikasjon under same tak.

Account Manager

- Annonse -
- Annonse -

Byrået opplever ei aukande interesse frå kundane for heile konseptet der design, kommunikasjon, produkt og digitale løysningar er viktige element i ei totalløysning. Dei ynskjer no å kunne tilby kunden kompetanse gjennom heile prosessen, frå marknadsrådgjeving, grafisk design, skilt og dekor, foliering, messe- og konferanseløysningar og det meste innan profileringsartiklar, mellom anna.

I samband me denne satsinga opplever også Byrået eit aukande behov for ein driven og dyktig Account Manager. Her ser dei etter ein person som har fagleg tyngde innan sal og 3-5 års salserfaring, der kjennskap til bedriftsmarknaden i Sunnhordland er ein fordel. Byrået søkjer ein person som likar å møte nye menneske og finn glede i relasjonsbygging.

Dagleg leiar fortel at den som vert tilsett som Account Manager vil spele ei viktig rolle, og få mykje ansvar i forbindelse med både nye og framtidige kundar. – Me ser etter deg som er ein god relasjonsbyggjar, og som gjerne har erfaring og tyngde frå eit eller fleire av våre produktområder, legg han til. Som Account Manager er du god på sal, ansvarsfull og arbeider på ein strukturert måte. Du likar hektiske dagar samstundes som du er oppteken av kvalitet, der du arbeider like godt i team som sjølvstendig.

– Dette er ein bransje som er stadig i endring, der rett person må være interessert i faget og tørre å utfordre både kundane og etablerte sanningar. Me skal være det beste fagmiljøet og levere effektive og innovative løysningar til våre kundar, seier Anderssen

Produksjonsmedarbeidar med gravering/merkesystem som hovudoppgåver

I tillegg til ny Account Manager, leitar Byrået også etter ein ny produksjonsmedarbeidar som vil  ha gravering og merkesystem som hovudoppgåver.

Du vil først og fremst handtera ordrar frå våre industrikundar. Du vil vere med i prosessane frå A til Å; Ordreregistrering, produksjon og leveranse. Arbeidet vil bestå  i betjening av våre graveringsmaskinar og folieprintere, men du vil og vere med ved montering av skilt og folie. Det er positivt om du har erfaring med liknande arbeid, men dette er ikkje avgjerande då det vil bli gitt full opplæring.

Er du oppteken av kvalitet og er eit ordensmenneske? Er du ein bidragsytar til å skape/ivareta eit godt arbeidsmiljø? Trivs du med varierte arbeidsoppgåver og tidvis hektiske dagar, er dette jobben for deg!

Kunne du tenkt deg å bli ein del av Byrået, les meir om stillinga her www.byraet.no/ledigestillingar

Søknadsbrev og CV kan sendes på e-post til: olav@byraet.no 

- Annonse -
- Annonse -