Kan ei omorganisering av det psykiske helsetilboda i Helse Fonna frigjere lokalar til nytt krisesenter?
Av: Kjell Larsen
Eg kunne lesa i bladet «Vikalappen» eit ønskje om å bygga nytt Krisesenter Vest IKS avdeling Stord. Det vil nok vera eit påkravd og heilt sikkert eit behov med nye lokalar etter 40 års drift i lokalar som ikkje strekker til overfor dagens behov krav.
Eg har i fleire høve ymta frampå om moglegheiter med eit samarbeid mellom kommunar og Helse Fonna som burde sjåast på som ein moglegheit. Eg vil no atter ein gong komma med eit innspel som eg meina kan vera ei brukbar alternativ, med både praktiske og økonomiske gevinstar. Oppsummeringa er mitt forslag
1. Å samla tilbodet om all psykisk helse til Valen Sjukehus.
2. Dette vil frigjøre lokalar til nytt krisesenter.
3. Økt kunnskap i skulen for å førebygge vald i heimen.
Krisesenteret Vest IKS er eit samarbeid mellom 17 kommunar. Stord og Haugesund har kvar sin avdelingar som dekka behovet for folk og familiar i nære relasjonar som trenger krisehjelp innanfor disse 17- kommunane.
I følgje årsmeldinga frå Krisesenteret Vest IKS er 70% døgnbrukara av tenesta, samt at 50% nytta dag tilbod. Med dette behovet kan det då vera relevant å sjå på andre husværeløysningar som kan tilfredstilla deira behov, utan å svekka kvalitet og behovet for tenester.
Når Helse Fonna har lagt ned ein av dei to døgnavdelingane på DPS-Stord, vil det då vera klokt om avdelingane på Stord flyttast til DPS- Valen Sjukehus, som dermed kunne overta alt innanfor DPS-behovet i Sunnhordlandsregionen? Valen Sjukehus har ein heilheit som er udiskutabelt , som har eit tilbod som få andre kan tilby innanfor psykisk helse.
Rekreasjonsområdet rundt sjukehuset er heilt glimrande og etter mi meining er ein del av den viktige rehabiliteringa for å oppnå den helsemesige gevinst. For å referera ein kjent og legendarisk lækjar som for ein del år sida sa om rekreasjonsområdet på Valen: «Når pasientane nytta områda rundt sjukehuset vårt, kunne ein sjå at det gjorde så merkbart positivt utsag i medisinskåpet på sjukehuset».
Etter mi meining vil denne organiseringa openbart heva kvaliteten for brukarane og få ein økonomisk gevinst for helseføretaket. Det er også eit viktig argument for å kunna skapa eit samla DPS- i Sunnhordlandsregionen under same tak, og gi ein gevinst med at ein står sterkare ovanfor den sentraliseringa og politiske favoriseringa til Haugesund.
2. etage på DPS-Stord kan, med noko ombygging, nyttast til nye lokal for krisesenteret. Eg vil meina at med eit slikt konsept kan kommunane spare på investeringskostnader og moglege driftskostnader. Og med at alle kommunane er under det same helseføretak, vil det ikkje vera eit minus til å få i stand ein form for samarbeid om viljen kan råda.
Sidan ordføraren i Stord Kommune, Gaute S. Epland, sit som nestleiar i representantskapet for Krisesenteret Vest IKS, vil det vera nærliggjande at han løyser seg frå det eventuelle «borrelåset som han sit på» og deretter reiser seg for og hjelpa sine politiske kollegaer med og forløysa dei frå «borrelåsa». Dette er fordi ikkje «toget» nok ein gong skal gå før politikarane klarer å reagerer.
I og med at det er 6 kommunar i regionen vår som er medlemmer i Krisesenteret Vest IKS, bør kanskje Samarbeidet for Sunnhordlandsregionen, sjølv om at det kan vera ein uvant situasjon for dei å jobba med å flytta som i detta tilfelle ein institusjon som DPs- Stord til Kvinnherad. Klarer dei 6 medlemskommunane i Sunnhordlandsregionen å bli samde om denne saken, vil eg tru da vil bli ein kurrant sak med og få dei andre kommunane innanfor Krisesenteret Vest IKS med på ein «fellesnemnar» kring ein så viktig sak som dette er.
Sjølvsagt kan det også vera andre løysningar enn det som eg fremjar, men kanskje nokon andre har liknande modellar med eit samarbeid med helseføretaket. Men det er nok Helse Fonna som i sin heilheit sitter med den viktige «nøkkelen» i denne saken.
Eit anna spørsmål er kva førebyggjande tiltak som kan gjerast for og redusera behovet for familiar som må ty til å røma til eit Krisesenter. Etter mi meining er familievald eit av da verste samfunnsproblema. Sidan Noreg er blitt eit fleirkulturelt med stort mangfald, kan ha påverka at det er blitt eit påtrykk for mange krisesentra rundt om i landet. Då er det spørsmål om dette inneber kulturelle skilnader innan eit familieliv.
Uavhengig av kva kulturbakgrunn ein har, vil eg meina at det kunne bli ein samfunns førebyggjande messig gevinst å få implementert, eller få kraftig styrka eit fag i skulane som er meir målretta mot områda innan samfunnslære. Til dømes kan tema innan kommunikasjon – toleranse – samliv, kunne medverka til og skapa og oppnå tillit på tvers av ulike kulturbakgrunnar. Og det vil også vera viktig å belysa den einskilde sitt ansvar, og kva samfunnskonsekvensar mishandling medfører.
Fokus på tidlig kunnskap meina eg kan medverka til at huslydane vil kunna få eit meir harmonisk samvære som gir tryggare familieliv, samt at det kan medverka til sparing av betydelege offentlige midlar.
Dette kan vera ein god nyttårs start for kommunen din i 2022.