Slukningsarbeidet på Raunholm i Fitjar var ekstra komplisert gurunna manglande kommunalt vatn. Kart: Google
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det var ingen heime då eit bustadhus brann ned til grunnen på Raunholm i Fitjar laurdag ettermiddag.

Naudetatane blei varsla om brannen av ein nabo klokka 16.19 laurdag ettermiddag. Då var huset i Nordre Raunholm allereie i full fyr.

– Me fekk vite av naboane at det var ingen til stades i huset. Huseigaren blei oppringt av naboane, og var den einaste som budde i huset, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Håkon Tornes.

Kraftig vind

Huset var brent ned til grunnen kort tid etter at naudetatane kom til staden, og brannvesenet starta deretter etterslukking. Grunna sterk vind var det stor fare for at brannen ville spreie seg til nabohuset, men dette fekk brannvesenet heldigvis avverja.

– Huset brann ned til grunnen, men heldigvis berga me nabohuset og garasjen. Det var veldig nære på, og det vore veldig kraftig vind som gjorde arbeidet vanskeleg for oss, seier innsatsleiar i Stord brannvesen, Leif Rune Vad.

- Annonse -
- Annonse -

Ikkje kommunalt vatn

- Annonse -

Han fortel om eit unormalt vanskeleg slukkingsarbeid, då det ikkje er kommunalt vatn i området.

– Me måtte bruke tankbilar frå Stord og Bømlo sidan det ikkje var kommunalt vatn der, og har måtte køyre til Stord for å fylle vatn. Mildt sagt tungvindt, seier Vad.

Politiet har så langt ikkje nokon teoriar om årsaka til brannen, men har starte undersøkingar på området.

– Det er ingenting som tyder på at det har skjedd noko kriminelt. Me driv og avhøyrer nokre vitne på staden, og så vil området bli sperra av for å vurdere åstadundersøking, seier Tornes.

Huset som brann ned var bygd på 1970-talet.

- Annonse -