Ingen personar var i huset då det oppsto røykutvikling.
I 12-tida laurdag fekk naudetatane melding om ein bustadbrann i bustadfeltet Hamrane i Sagvåg.
Politiet opplyser at det er ingen personar inne i huset.
– Eigaren av huset oppdaga røyk på innsida etter å ha kome heim frå handletur, melder Sørvest politidistrikt.
Alarmoperatør Arild Løyning i 110-sentralen opplyser til Stord24 at det ikkje er snakk om opne flammer.
– Brannvesenet og politiet er framme på staden. Dei melder om framleis mykje røyk i bustaden, men det skal ikkje vera opne flammer. Dei held no på med lufting.
Løyning seier dei har ein mistanke om kvifor det byrja å brenna.
– Det kan høyrast ut som det er i samband med fyring.