Brann i Vikanesvegen i Sagvåg. Foto: Stord brann og redning
- Annonse -

Alle bebuarane var ute av huset då det byrja å brenna.

Klokka 00.29 natt til fredag melde naudetatane om brann i ein bustad i Vikanesvegen i Sagvåg.

– Det er opne flammar frå bustaden og mykje røyk. Brannvesenet har starta med sløkkinga, melde politiet ti minuttar seinare.

Full overtenning

I 01-tida hadde brannen utvikla seg vidare og det var meldt om full overtenning i huset.

– På veg ut var det meldt om opne flammar og full overtenning. Me fekk då raskt avklart at det ikkje var nokon sakna. Då me kom fram konsentrerte me oss om utvendig sløkking til at me følte at ting var trygt nok til at me kunne ta oss inn i bygget, seier Frode Lillerud ved Stord brann og redning.

Beredskapsleiar i Stord brann og redning Frode Lillerud. Arkivfoto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

Han fortel at brannvesenet fekk kontroll på brannen i 02-tida.

- Annonse -

– Det gekk litt tid, i og med at me haldt på utvendig.

Vart totalskadd

Politiet melder at huset er totalskadd innvendig, og det er store skadar utvendig.

– Sånn me vurderer det er huset totalskadd, både grunna brann og vatn frå sløkkinga.

– Var det noko fare for spreiing?

– Det var så og seia vindstille, så det var gunstig i forhold til oppdraget me var på. I natt var det ikkje noko fare for spreiinig, seier Lillerud.

Full overtenning i bustadbrannen i Sagvåg. Foto: Stord brann og redning

– Huset ligg svært nærme brannstasjonen i Sagvåg som nyleg har blitt nedlag. Kunne det ha spelt ei rolle dersom denne framleis var i drift?

– Mi personlege meining er nei. Meldinga kom såpass seint og då var huset allereie overtent. Første eininga var på plass etter åtte minuttar, og eg trur ikkje Sagvåg stasjon ville ha vore noko raskare.

Han fortel at brannvesenet stilte med fire einingar, totalt åtte til ti mann, i sløkkingsarbeidet. Brannvesenet blir verande igjen på staden fredag morgon for å driva ettersløkking.

Foto: Stord brann og redning

- Annonse -
Forrige artikkelRivinga av dette bygget er i gang. Det betyr omvegar
Neste artikkelNye innleieregler struper Vestlandet
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no