John E. Clausen, daglig leder i Stord turbuss, meiner dei nye forbikøyringsreglane skapar fleire uønska situasjonar. Foto: MARTE ROMMETVEIT/NRK
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Dei nye skilta i Bømlafjordtunellen tvingar tyngre køyretøy til å ta uforsvarlege forbikøyringar, skriv Stord Turbuss i ein klage til Statens Vegesen.

Tidlegare har også bussar og lastebilar hatt høve til å køyre forbi saktegåande køyretøy i Bømlafjordtunnelen. Men etter at tunnelen vart oppgradert, er det kome opp nye skilt som forbyr bilar over 7,5 tonn å føreta forbikøyringar.

Bussjåfør og dagleg leiar i Stord Turbuss, John E. Clausen, reagerer på at det som eit resultat av innskjerpinga no ikkje finst andre forsvarlege stader å køyre forbi for større køyretøy på strekninga mellom Bergen og Stavanger.

– Hindrar yrkessjåførar i å gjere jobben sin 

I klagen argumenterer han med at køyretøy med fart på 20 -30 km/t framleis har lov til å køyre i tunellen, noko som utan løyve til forbikøyring hindrar yrkestrafikken i å gjere jobben sin.

John E. Clausen, dagleg ledar for Stord turbuss, fortel til Stord24 at dei nye reglane skapar høgare hastigheit etter tunellen fordi ein prøver å ta igjen tid ein har mista.

- Annonse -
- Annonse -

– Fordi ein ikkje kan køyre forbi i tunellen blir ein tvinga til å køyre fortare for å nå ferjene, slik at ein kan gjere jobben sin. Det er noko som igjen skapar farlege situasjonar, fortel han.

Svein Holmedal, senioringeniør Statens Vegvesen.

Senioringeniør i statens vegvesen Svein I. Holmedal, seier seg delvis einig i at de nye skilta hindrar trafikken, men legg vekt på at bestemmelsa er gjort ut frå ei heilheitleg sikkerheitsvurdering. Han fortel at tunellen er for smal til å regulere slik at det er forsvarleg å tillate forbikøyring av store køyretøy.

- Annonse -

– I den grad ein ikkje får passere køen fordi det er laga ein restriksjon er det jo delvis riktig at det hindrar trafikken. Men vurderinga er tatt ut frå den tunellprofilen og dei breiddene me har.

– Det har vore påkjørslar på nokre skilt og utstyr i tunellen. Når trafikken ikkje er dimensjonert for å køyre forbi og køyrer borti sidehindrane i tunellen, må me foreta oss noko, påpeikar han.

Vil at 60 km/t skal vera minste hastigheit

– I tunellen er det ofte køyretøy som ikkje held meir en 20-30 km/t og då er det uhøyrt at andre skal måtte ligge bak dei som køyrer så seint. Dykk tillet også hjulgåande gravemaskinar med hengjar å køyre på veg, desse har så låg hastigheit at det ikkje gjer utslag på speedometeret, skriv John E. Clausen i klagen.

Som ei løysing på dette problemet føreslår Stord Turbuss at ein i staden sett opp minste hastigheitsskilt på 60 km/t på strekninga. På den måten blir det ikkje nødvendig for tyngre køyretøy å køyre forbi.

Svein I. Holmedal påpeikar at det ikkje er eit prinsipp dei arbeidar med. Han legg til at dei  likevel ikkje er framand for å ta opp forslaget til vurdering, men at det måtte vore saman med vegdirektoratet.

– Dette med fartsgrensa må me ta ved neste korsveg. Dersom det er sånn at ein ikkje når fergene, at det er det som ligg til grunn for uttalelesen om at ein ikkje får gjort jobben sin, kan ein kanskje starte litt før.

- Annonse -