Ein bubil tok fyr og vart totalskada natt til tysdag. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Natt til tysdag rykka naudetatane ut til ein bubil i full fyr på Nysæter i Sagvåg.

Det var i tre-tida natt til tysdag at naudtetatane rykka ut til bilbrannen i Nysæterstølen. Om lag 20 minuttar seinare meldte Politiet i Sør-Vest på Twitter at brannen var sløkt.

– Vi fekk melding om brann i ein bubil klokka 02:47, og fekk forklart at den sto inntil ein husvegg. Det kritiske på det tidspunktet var fare for spreiing. Det vart også informert om gassflaskar inne i garasjen. Det vart noko spreiing til garasjen, fortel Toralv Skårland ved operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt.

Skadar på huset

Det var tre personar som budde på staden. Skårland opplyser at dei fekk desse ut av huset. Han fortel at huset framsto som uskadd, men at det vart noko varme- og røykskadar.

– Det vart i nattestimane konkludert med at personane ikkje kunne flytte inn igjen i huset.

Ukjent årsak

Det vart også skadar på treverk, garasjeport og takrenne. I tillegg knuste ei rute. Brannårsaka er ukjent.

- Annonse -

– Det vert oppretta sak og så vert det teke ei vurdering på om det skal sendast krimteknisk mannskap til staden.

– Patruljen har gjort sine undersøkingar og skrive sine rapportar som eit grunnlag for vidare etterforsking, fortel Skårland.

Foto: Jonas Sætre/Stord24