Høgskulen på Vestlandet, campus Stord. Foto: HVL
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kommentor Ingebjørn Bleidvin meiner Høgskulen på Vestlandet sine ambisjonar innan forsking vil føre til ein sentralisering, og nedbygging av små campusar som Stord og Sogndal.

I dagens Bergens Tidende skriv Bleidvin ein kommentar der han stiller seg svært kritisk til sentraliseringa i høgskulesektoren.

– Gjennom lang tids standhaftig jobbing med strategiplanar, suksesskriterium-definisjonar og utviklingsprosessar har eit knippe markeringskåte politikarar og styringslystne administratorar klart å definera om heile poenget med mesteparten av høgare utdanning i Norge.

Ingebjørn Bleidvin er lege og gjestekommentator i Bergens Tidende. Foto: privat

– Fleire kjem til å følgja etter

Han viser til at det så seint som på 90-talet var 98 campusar i landet, før dette då blei redusert til 26. No spår han ein ny runde med sentralisering, og viser til at nyfusjonerte Nord universitet i Nordland allereie i vår varsla nedlegging av to mindre campusar.

– For oss som ikkje vandrar rundt med Nobelpris-logoen limt frampå brilleglasa tyder desse tala på éin ting: Småstadene gjer nett det dei skal, nemleg å utdanne fagfolk til å drifta velferdsstaten og bygga landet. For strategiprosess-mafiaen tyder tala noko heilt anna: Nord universitet er berre skrekkeksempelet så langt. Mest truleg kjem andre til å følgja etter, skriv Bleidvin.

Kommentatoren trur altså at det er ambisjonen om å styrke forskinga som vil gå på bekostning av mindre campusar, og trekkjer fram Stord og Sogndal som lokale campusar som no bør vere uroa.

– Vil knapt merke det

- Annonse -
- Annonse -

– Ingen bør bli overraska når HVL om nokre år byrjar nedbygginga av Sogndal og Stord. Dette vil sjølvsagt vera på bakgrunn av ein grundig «strategirealiseringsprosess», eller noko liknande, skriv Bleidven.

- Annonse -

– Det vil koma så gradvis at ein knapt merkar det. Til slutt vil det heile vera logisk og uunngåeleg. Skal Vestlandsuniversitetet liksom ha fem campusar i same fylke?Stord/Haugesund er jo berre ein god time unna kvarandre?

Han er sterkt uroa over rekrutteringa til yrke som sjukepleiar og lærarar i distrikta som følgje av sentraliseringa.

Uroa over utviklinga

Stord24 har gjennom mange artiklar det siste året sett fokus på at det går feil veg ved Campus Stord. To år på rad har ein sett fallande søkjartal, og i vår bestemte HVL å legge ned forskingssenteret CASE på Stord.

Professor Magne Espeland ved HVL på Stord har tidlegare uttalt til Stord24 at han stiller seg sterkt kritisk til utviklinga av studiemiljøet på Rommetveit etter fusjoneringa.

– Dei som styrer fusjonen bygger organisasjonen frå toppen av i staden for å bygge den nedanfrå. Det regionale blir alt for lite ivareteke i fusjonen. Inntrykket mitt er at me har ein veldig fragmentert leiarstruktur, som skapar store problem med å sjå heilskapen på campusane.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -