Bryggerimeister Øystein Huus i En Liten Øl. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

INNLEGG: Vi meiner ikkje at du skal drukne dine sorger i glaset. Men når du likevel skal handle øl: Vel norsk, støtt ditt lokale bryggeri.

Av: Øystein Huus,
bryggerimeister, En Liten Øl AS

Sosiale medier fylles no av vitsar om corona-øl og koronavirus. Galgenhumor er bra, men for norske bryggerier er situasjonen slett ingen spøk. Den er derimot allereie djupt alvorleg.

Dei siste åra har utviklinga i norsk bryggeribransje vore som et eventyr. Mangfaldet har nærmast eksplodert. I dag brygges det meir enn 2500 unike norske øl, på 140 anlegg over heile landet.

Berre i Sunnhordland har vi tre småskalabryggeri, med ELØ på Fitjar som det største.

No er det høg risiko for at dette mangfaldet raserer. 

- Annonse -

Vi støtter myndigheitenes tiltak for å avgrensa koronautbrotet, og tar vår del av dugnaden. Samstundes rammes bransjen no svært hardt økonomisk. Stenging av utelivet, avlysing av konsertar og festivalar og full stopp i reiselivet har gjort at norske bryggerier over natta mista en stor del av omsetninga. For mange av oss er dette verksemdskritisk. No er det avgjerande at politikarane held det dei lovar og bidrar med raske tiltak. 

Du som forbruker kan også bidra. Vi meiner ikkje at du skal drukne dine sorger i glaset. Men når du likevel skal handle øl: Vel norsk, støtt ditt lokale bryggeri.

Kjøper du øl frå ditt lokale bryggeri i staden for importert øl, eller vin for den del, så støttar du arbeidsplassar og verdiskaping i ditt eiget nabolag – samstundes som du nyt smaken av eit fantastisk mangfald. Finns det noko meir hyggeleg måte å bidra på?