Frå stykket Taremareby, foto: Guadalupe Piñon
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Sigurd Sele sto på scena under den første teaterfestivalen i 1984. I helga opna han den 33. barne- og ungdomsfestivalen i Stord Kulturhus.

Årets teaterfestival som gjekk av stabelen på Stord i helga var på alle måtar ein stor suksess.

Teaterfestivalen er kjent land og strand rundt og som mange unge skodespelarar frå heile regionen har hatt gleda av å vera med på. Teatergrupper frå Stord, Haugesund, Suldal, Bergen og Askøy var med i årets festival.

Sigurds Sele opna festivalen ved å framføre Kenneth Sivertsens «Min båt». Foto: Guadalupe Piñon

Festivalen er ein av dei eldste i Noreg, og på laurdag var det offisiell opning med stykket “Taremareby” av Ingebrigt Davik.

Sigurd Sele stod for den offisielle opninga. Han fortalde at han var med i teaterfestivalen som 8-åring i 1984, og tykkja at teater var noko som gir mykje glede sjølv om det kan vera utfordrande til stunder. Etterpå song han ”Min båt” av Kenneth Sivertsen.

Rett etterpå byrja stykket Taremareby, som er historia om fiskar og småkryp som bur nede på havbotnen: Den vesle Flyndrefrøken Fine og den farlege Krabbe Krølle, samt Flyndrefanten, Gunda Sjømus, Kong Kveite, Sei Seljar, Lakse Lars og Sverdfisken. Salen i kulturhuset var full og ungane følgde godt med alle dei 110 minuttane stykket varte.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Bak scenen var Liv Skjønberg med andre frivillige og skodespelarar og passa på at alt gjekk etter planen. Sjølv om ho hadde det veldig travel, fortalde ho om alle dei timane laget hadde lagt ned i stykket. Me fekk også snakka med Mathilde Johnsen, som spelte Krabbe Krølle. Ho fortalde at gruppa hadde øvd i mange timar, heilt sidan i fjor haust. Ho syntes det var spennande å vera med på teater og ho hadde vore med i laget allereie i 6 år.

Skodespelarar i Taremareby, f.v. Eldrun Frøya Einarsdotter, Hanni Eldøy Isdal,
Karoline Eldøy-Ottesen, Angelica Matre, Mia Eriksen Hellesund, Karoline Solhaug, foto: Guadalupe Piñot

Det var ikkje berre skodespelarar som gjorde ein stor innsats for Taremareby. Festivalen sin kjerne består av den flott dugnadsgjengen til Stord teaterlag (Ingvild Johannesen, Britt Tone Idsøe, Kjartan Grov og Haldis Onarheim med fleire) og foreldregruppa. Dei hadde eit flott samarbeid der dei sydde kostymar, var med på lys og lyd, jobba som scenearbeidarar, sminkørar, musikarar og rekvisitørar.

Festivalen er og skal vera ein arena for barn og unge som vil spela teater. Det er kanskje viktigare enn nokon gong at barn og unge kan ha ein slik arena å møtast på, og det er ein god og viktig ting å ta med seg vidare i livet. Desse erfaringane er viktige uansett kva ein skal gjere seinare i livet men kan jo òg vera utgangspunktet for ein scene-karriere for ein del. Aktiviteten er også ein grunnmur i kulturlivet i både by- og bygdesamfunn.

Teaterfestivalen i år hadde til saman 15 ulike oppsetningar, og ni av dei var for alle aldrar.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -