Når bussen ikkje stoppa for mannen blei han svært trugande. foto: Google
- Annonse -

Ein rusmisbrukar må i fengsel i 36 dagar for oppbevaring av narkotika og for å ha oppført seg trugande ved NAV-kontoret på Fitjar.

Det var i fjor sommar at fitjarbuen i 30-åra dukka opp på NAV-kontoret i Fitjar sentrum. Kontoret var stengt, men ein sakshandsamar gjekk ut for å snakke med han.

Mannen ønskte skyss heim og økonomisk naudhjelp. Det var då ei kvinneleg sakshandsamar prøvde å stanse ein buss som ikkje stoppa, at mannen blei aggressiv. Han knyta hendene og brølte til sakshandsamaren med ansiktet berre centimeter frå ansiktet til sakshandsamaren.

Retten skriv at mannen, som var rusa då episoden skjedde, sto fram som svært aggressiv og at sakshandsamaren blei redd etter hendinga. Han hugsa ingenting av episoden i retten, men retten finn det likevel utvilsamt at han handla forsettleg.

Mannen blei også dømt for å oppbevart ca. 10 gram kokain, åtte narkotiske tablettar og for å ha bore kniv på offentleg stad.

På bakgrunn av desse forholda blei mannen dømt til 36 dagar i fengsel utan vilkår.

- Annonse -

Sjølv om mannen er aktiv rusbrukar med fleire helseplagar så meiner retten at dette ikkje kan vere formildande for straffen. Mannen er domfelt to ganger før, blant anna for narkotika- og vinningskriminalitet og for trugsel mot offentleg tenestemann.

- Annonse -