Brødrene Dahl held i dag til i Svartadalen på Heiane. No skal dei flytte til Heane Vest. Foto: Google maps
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Grossisten utvidar og flyttar til ein fem mål stor tomt i Djupedalen på Heiane Vest.

Brødrene Dahl omtalar seg sjølv som Norges leiande VVS-grossist. Dei har halde til i Svartadalen på Heiane i 10 år, men er no på flyttefot.

Kjeda skal føre opp eit 1200 kvadratmeter stort bygg på Heiane Vest. Det vil bli liggande vest for Wärtsilä-bygget, og vil dermed forlenge næringsområdet endå meir sørover langs E39.

– For liten plass der me er no

Tomta har dei kjøpt av selskapet Heiane Vest AS, eigd av Kurt Arne Tyse og Leif Trygve Nilsen. Det er Fronta som har sendt søknad til Stord kommune om nybygget og som vil føre opp bygget.

– Det er blitt for liten plass for oss her me er no. Me treng større uteplass og større lager. Då har me fått ein fem mål stor tomt nedanfor Wärtsilä-bygget. Me får eit ganske likt bygg som me har i dag. Butikken vil vere like stor, men det er utelager me treng. Det er mange store røyr og slikt, som gjer at me treng større plass, seier avdelingsleiar Jonny Kjærland i Brødrene Dahl på Stord.

Han fortel om gode tider for røyrgrossisten på Stord. Ikkje minst etter at konkurrenten Heidenreich la ned Stord-avdelinga i fjor.

- Annonse -
- Annonse -

– Ja, me ser lyst på framtida. Me har auka bemanninga vår etter at Heidenreich la ned. Me feirar 10-årsjubileum i mai, og har drive god butikk heile tida. Det har vore veldig bra.

- Annonse -

Har store kundar

Kjærland fortel at dei var to tilsette då dei starta opp i 2019. I dag har dei sju tilsette i sving.

– Kven er dei største kundane dykkar her i regionen?

– Me har jo avtale med Stord kommune, som no snart skal ut på nytt anbod. Me leverer alt av VA-materiell til kommunen, og så har det vore mykje til Leirvik AS, Kværner og til fiskeoppdrett. Havbruksnæringa blir berre større og større for oss.

Det nye bygget til Brødrene Dahl vil stå klart rundt årsskiftet 2019/2020.

Bygget vil bli ført opp denne skraverte tomta, heilt vest på Heiane. Kart: Seeiendom.no

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -