Michael Anderson som er brukar av tilbodet til Kirkens Bymisjon på Stord fekk synet sitt sjekka gratis av Arnhild Myklebust i Brilleriet. Foto: Bodil Haga
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Eg føler eg får distansert meg litt frå overforbruket og julehandelen no i desember og får driva med noko som gjev meining, seier Arnhild Myklebust.

Av: Jan Morten Wiland Nesse, Stord24

For kort tid sidan dukka det opp ein mail i innboksen til arbeidsleiar i Kirkens Bymisjon på Stord, Sindre Hauan, som gjorde at han måtte gni seg i augo og lesa den på nytt tre gongar.

Optikar Arnhild Myklebust på Brilleriet inviterte nemleg alle brukarane hos Kirkens Bymisjon på Stord til gratis synstest i butikken sin i Torgbakken i desember. Dersom det er naudsynt spanderar ho og briller til dei som treng det.

Michael Anderson fekk hjelp til å velje briller etter at synstesten avdekka at også han hadde behov for briller. Foto: Bodil Haga

Stort behov for synstest

Sindre Hauan veit at det er eit stort behov for å sjekka synet hjå brukarane som held til på Nattrutekaien. Tidlegare har dei som har slitt litt med synet kjøpt seg ferdigbriller hjå ymse billigbutikkar og bensinstasjonar som ein lyt prøva seg fram med før ein finn ein brille som forbetrar synet sånn nokolunde.

No får dei profesjonell hjelp og skikkelege briller. Arnhild tek ein utvida synstest som fortel nøyaktig kva styrke augo treng. I tillegg avdekkjar synstesten om dei lid av augesjukdom som treng tilsyn av spesialist.

- Annonse -
- Annonse -

– Det finst éin augelege på Stord og det er kan hende ein for lite seier Arnhild.

Åtte av ni trong briller

Til no har ni av brukarane teke utvida synstest og det viste seg at heile åtte av desse trong briller.

– Kva var det som gjorde at du tok dette initiativet?

- Annonse -

– No skal ikkje eg ta heile æra for dette, det var nokre optikarvener på Grünerløkka som gjorde dette i fjor og dei inspirerte meg til å gjera det same her på Stord. Dette var noko eg hadde veldig lyst til og det gjer meg veldig glad at brukarane hjå Kirkens Bymisjon no får seg ein skikkeleg synstest.

– Eg føler eg får distansert meg litt frå overforbruket og julehandelen no i desember og får driva med noko som gjev meining. Dette gjer at eg set endå meir pris på jobben og kvardagen min, seier Myklebust.

Kith Grønnbekk er nøgd med dei nye brillene ho skaffa seg. Foto: Bodil Haga

Får hovudverk

Ho fortel at mange av brukarane hos Bymisjonen ikkje har prioritert å gå til optikar grunna livssituasjon og økonomi. Fleire av dei slit og med rus og psykiske utfordringar.

Det kimer i inngongsdøra på Brilleriet og inn kjem Sindre Hauan og to av brukarane av tilbodet til Kirkens Bymisjon, Bjørn Skålevik og Henrik Algrøy. Begge har vore på synstest hos Arnhild og har med seg ein flaskegrøn designvase som takk for at ho har stilt opp for dei.

Dei fortel at tilbodet om gratis synstest og briller var veldig kjærkome. Ein ser dårlegare etterkvart som åra går og dersom ein ikkje gjer noko med det kan ein få hovudverk, vondt i nakken og bli veldig trøytt. Arnhild fortel at det sit seks musklar rundt augeeplet som har forgreiningar bakover i muskulaturen. Dersom ein konsentrerer seg litt for hardt for å sjå godt, kan dette føra til at nakkemusklane blir stive. Dette kan gjera ganske vondt etterkvart.

Besøkte kvinnefengsel

Det er ikkje første gong Myklebust har engasjert seg i frivillig arbeid for å betre synet til dei svakarestilte i samfunnet.

Tidlegare i haust tilbrakte ho nemleg to dagar i Bredtveit kvinnefengsel i Oslo, som er Norge sitt høgsikkerheitsfengsel for kvinner, for å undersøke synet til dei innsatte i fengselet.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -