tirsdag, 15. oktober 2019
- Annonse -
Heim Nyhende Bremnes Seashore kallar tilbake meir enn tre tonn laks grunna bakteriefunn

Bremnes Seashore kallar tilbake meir enn tre tonn laks grunna bakteriefunn

170
Foto: Salma
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Bremnes Seashore AS har fått påvist spor av bakterien listeria monocytogenes på ein Salma halvloin med slaktedato 3. oktober, melder Bremnes Seashore i ei pressemelding.

– For å vere heilt sikre kallar tilbake vi alle Salmaprodukt knytt til denne slakte/pakkedagen, går det fram av pressemeldinga.

I pressemeldinga beklagar Bremnes Seashore hendinga.

– Det må særs mange bakteriar til for å gjere friske folk sjuke, så det er gjerne personar som har nedsett immunforsvar, mellom anna gravide, eldre og nyfødde, som kan få alvorleg sjukdom frå listeria, står det i pressemeldinga.

3,6 tonn laks blei produsert på slaktedagen. Av desse er i underkant av tre tonn nådd butikkane, seier Simon Nesse Økland, utviklingssjef i Bremnes Seashore.

Fisken har vore i sal i butikkar frå i går, måndag 7. oktober. I éin butikk, Obs i Haugesund, har fisken vore i sal sidan fredag 4. oktober.

- Annonse -

Bremnes Seashore opplyser overfor NRK at bakteriefunnet vart gjort i ein rutinekontroll.

– På våre daglege testar av produkta våre, fann me bakterien på eit lakseprodukt frå produksjonsdagen. Bakteria finst naturleg i miljøet, og kan finnast i eit produksjonsmiljø i ei næringsmiddelbedrift, seier Økland.

- Annonse -