Illustrasjonsfoto: NRK
- Annonse -

Ein dykkar som jobba for oppdrettsselskapet på Bømlo skar med vilje hòl på noten for å sleppe 15 tonn død fisk rett ut i fjorden.

Episoden skjedde i 2014, og er først no avslutta frå politiet si side, skriv Bergens Tidende.

Politiet har beslutta å gi Bremnes Seashore og dykkarselskapet AD Offshore bøter på 300.000 kroner kvar for ugjerninga. I tillegg får to leiarar i selskapa bøter på høvesvis 20.000 og 15.000 kroner.

Dermed unngår oppdrettselskapet på Bømlo rettssak. Politiet ser likevel på hendinga som alvorleg.

– Dette var ein bevisst handling. Det er uvanleg at ein ser ei handling bli utført med så openbart forsett. Her vart den enklaste løysinga valt. Klippe opp noten og tømme dødfisken ut i sjøen, seier politiadvokat Hallvard Gardshol Bjørndal i Sør-Vest politidistrikt.

Ho peiker på at fisken som vart dumpa var sjuk av amøbegjellesykdommen AGD, og at det difor var smittefare.

- Annonse -

Det var Mattilsynet som melde saka til politiet, etter at Bremnes Seashore sjølv hadde meldt frå om den uønska hendinga. Seksjonsleiar Arne Oftedal i Mattilsynet på Stord seier til avisa at saka vart vurdert som såpass grov miljøsak at ei politimelding var nødvendig.

Det var rett sør for Moster på Bømlo at fisken var dumpa.

Det var i lokaliteten Breivik S sørvest for Moster på Bømlo at ugjerninga fann stad. Kart: Barentswatch
- Annonse -