Foto: Bømlo brann og redning
- Annonse -

Bømlo brann og redning fekk oppdraget med å tappe gass ut av ein død kval og senke den ned til 250 meters djupne.

– Dette er noko som skjer av og til, at me får døde dyr som hjort og kval inn i skjærgarden vår. Dette er noko som utviklar seg til eit miljøproblem dersom me ikkje aksjonerer tidleg, opplyser brannvenet på Bømlo på Facebook onsdag kveld.

Etter at dei fekk melding om ein død kval utanfor Bømmelhamn tok dei kontakt med Mattilsynet for å bli einige om korleis å ta hand om kvalen.

– Det me så gjorde med kvalen var å slepe den ut i fjorden, tømte den for gass og senka den ned med lodd til 250 meter djupne.

– Der nede overtek naturen kvalen, opplyser brannvesenet.

Saka held fram under biletet.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -
Foto: Bømlo brann og redning

Men så langt har ikkje brannvesenet fått klarheit i kva type kval det var snakk om. Det får bli ei oppgåve for Havforskingsinstituttet å svare på fredag.

Brannvesenet rettar ein takk til jenta som tipsa dei om den døde kvalen, og til Bømlo Maskin AS som skaffa lodd for senkinga av kvalen.

– Dette er nok eit døme på at me på Bømlo stiller opp for kvarandre når behovet dukker opp.