Illustrasjonsfoto: Pixabay
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

110-sentralen fekk eit utfordrande dyreoppdrag måndag kveld.

Måndag ettermiddag klokka 17.41 rykka brannvesenet ut til eit dyreoppdrag, etter melding om at ei ugle hadde satt seg fast i ei pipe i ein bustad nord for Leirvik.

Det skulle vise seg å ikkje vere noko enkel jobb å få den stakkars ugla laus.

– Det var eit mykje vanskelegare oppdrag enn først venta, skriv 110-sentralen på Twitter.

Først klokka 20.44, tre timar etter at meldinga kom inn, kom ugla seg laus.

– Den fauk raskt vidare og verka å vere i god form, opplyser brannvesenet.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

- Annonse -