Illustrasjonsfoto.
- Annonse -

Det byrja å brenne i bustaden til ei kvinne i 70-åra natt til torsdag.

Hendinga oppsto ved at ein brødristar var i ferd med å ta fyr.

Kvinna kasta då eit handklede over brødristaren for å hindre spreiing av brannnen, men i staden tok handkledet fyr og det blei mykje røyk i leilegheiten, opplyser politiet.

Alarmsentralen blei varsla om hendinga klokka 1.31 natt til torsdag.

Brannvesenet opplyser til Stord24 at då dei kom til staden hadde brannen blitt sløkt.

– Me fekk melding om mogleg branntillaup, men alt var i orden då me kom fram. Bebuaren ordna deg sjølv. Det var ikkje nokre skadar i bustaden, anna enn at me lufta ut, opplyser vaktleiaren i Stord brann og redning.

- Annonse -

Politiet opplyser at kvinna blei frakta til legevakta etter å ha fått i seg ein del røyk. Politiet oppretter sak på forholdet.

- Annonse -