Ein mann er pågripe i samband med dei tre garasjebrannane på Haga. Foto: tipsar
- Annonse -

Det skriv Sunnhordland.

Stord-lensmann Odd Harald Hovland stadfestar overfor Sunnhordland at 19-åringen vil bli framstilt for varetektsfengsling entan i dag eller i morgon.

Den unge mannen er sikta for dei tre garasjebrannane som har skjedd i Kviteluren og Øklandslio. Han har vore fengsla sidan han blei arrestert natt til tysdag.

To av brannane blei starta i løpet av ein time måndag denne veka, og ein skjedde 10. desember. Til alt hell bidrog innsats frå privatpersonar og brannvesenet til at ingen av brannane spreidde seg til bustadhus.

I følgje politifullmektig Mohammad Ali Khan ved Haugesund politistasjon, vil han bli framstilt for varetektsfengsling fredag.

- Annonse -

– Blir han varetektsfengsla, vil han bli framstilt i morgon, seier Khan til Stord24.

- Annonse -
- Annonse -

Han opplyser at 19-åringen har fått oppnemnd ein forsvarar. Det er advokat Siri Øvstebø på Stord.

– Eg har ikkje fått snakka med han enno. Eg har difor ikkje avklart med han om eg kan uttale meg til media, seier Øvstebø til Stord24.