Frå brannen rekkjehuset i Mosahaugen i slutten av februar. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Under ein fest i bustadfeltet Mosahaugen oppsto det brann laurdag morgon, og rundt 30 personar vart evakuerte.

Klokka 05.19 laurdag morgon fekk naudetatane melding om brannen i eit av rekkehusa.

Huset vart heilt overtent, og også nabohuset fekk skadar.

– Det har vore fest på staden. Det var masse folk inne, og ca. 30 personar blei evakuerte. Det er ingen personskadar, opplyser Sørvest politidistrikt på Twitter.

– Mange fekk lov til å reise heim. Øvrige blei evakuerte til legevakta. Det er også naboar som blei evakuerte, opplyser politiet.

Foto: Jonas Sætre/Stord24

Då Stord24 kom til staden i 9.30-tida hadde brannvesenet for det meste gitt seg på staden, bortsett frå to brannfolk som sjekka eigedomen. Heile 2. etasjen i huset fekk store skadar i brannen.

- Annonse -

I første etasje ser det ikkje ut som har brent, men her var det omfattande vannskadar retter sløkkingsarbeidet.

Det er ikkje første gong det oppstår brann i Mosahaugen. For nokre år sidan vart bustadfeltet råka av ikkje mindre enn tre brannar.

Politiet opplyser til Haugesunds Avis at det var ein krevjande brann.

– Det har vore ein veldig krevjande brann å sløkke. Det er mykje hulrom i tak og konstruksjonar, og me har laga hol fleire stadar for å kome til. I tillegg var det veldig mykje vind då me kom fram, sa innsatsleiar Leif Rune Vad til avisa.

To av leilegheitane i rekkehuset er ikkje bebuelege etter brannen.

Slik såg det ut innvendig i bustaden som brann. Foto: Jonas Sætre/Stord24