Illustrasjonsfoto.
- Annonse -

Både politi og brannvesen rykka ut til brann i eit industribygg på Eldøyane næringspark søndag.

Det blei tidleg klart at det ikkje befant seg folk i bygninga, meldte Sørvest politidistrikt like etter klokka 13 søndag.

Brannen oppsto i det såkalla Servicesenteret, som Kværner opplyser fungerer som eit lager. Det vart meldt om kraftig vind i området då naudetatane kom til staden.

Nesten ein time etter at meldinga kom inn, blei brannen sløkt. Då var kokka 13.45. Fleire røykdykkjarar frå brannvesenet hadde gått inn i bygninga for å sløkkje.

– Det er framleis mykje røyk inne i bygget. Ein er redde for at det kan gå varmgang i ventilasjonsanlegget som kan starte nye brannar, skreiv politiet rett etter at brannen vart sløkt.

Årsaka til brannen er førebels ikkje kjent, men det vart meldt om eit lynnedslag i området samtidig eller før brannen oppsto. Dette lynnedslaget forårsaka at straumen gjekk.

- Annonse -

– Det er uvisst om dette har noko samanheng med brannen.

Kommunkasjonssjef i Kværner, Odd Naustdal, seier til Haugesunds Avis at bygninga som brann har blitt brukt som lager.

– No jobbar me med utlufting og å få oversikt over skadeomfanget. Det er uheldig at me får ein brann i ein av bygningane, men eg er veldig glad for at vårt eige industrivern, politi og brannvesenet rykka ut raskt og fekk kontroll, seier Naustdal til avisa.