Illustrasjonsfoto.
- Annonse -

Brannen er under kontroll, melder politiet.

Klokka 13.06 fekk brannvesenet melding om brann i ein gravemaskin i bustadfeltet Skifteslono i Sagvåg.

– Det skal vere kontroll på brannen. Politiet er på staden for undersøkingar, melder Sørvest politidistrikt.

Ein halvtime seinare kom politiet med ei ny oppdatering om at brannen var sløkt.

- Annonse -

– Forholdet er på ein privat adresse, og ikkje i regi av eit firma, skriv politiet.

Saka vert oppdatert.

- Annonse -
- Annonse -