Illustrasjonsfoto.
- Annonse -

Naudetatane rykka ut etter melding om brann i Skotlio.

Brannvesenet meldte frå om hendinga like før klokka 21.30 torsdag kveld. Den første meldinga gjekk ut på at det brann i ein garasje i Skotlio, like ved Leirvik sentrum.

Det viste seg å ikkje stemme. Det var snakk om ein bråtebrann som hadde kome ut av kontroll.

Brannvesenet opplyser at dei fekk raskt kontroll påm brannen, og at det ikkje var snakk om spreiing til bygningar.