Illustrasjonsfoto.
- Annonse -

Berre veker sidan førre gong ein garasje tok fyr i det same nabolaget.

Tysdag kveld klokka 21 meldte politiet om ein brann i ein garasje i Kviteluren i Nordbygdo. Alle naudetatane rykte ut til brannen. Ein halvtime sieinare var situasjonen avslutta.

– Den er sløkt og avslutta. Røykdykkar gjekk inn og sløkte og me har akkurat avslutta på staden, fortel vaktleiar ved 110-sentralen, Stein Arild Egeland klokka 21.30.

Han fortel at det var inne i sjølve garasjen det brann.

– Det var noko inne i garasjen som brann, så det hadde ikkje teke fyr i veggene.

Han seier likevel at det var flaks at brannen var oppdaga på eit tidleg tidspunkt.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Garasjen ligg rett ved bustaden, så dette kunne fort ha spreidd seg, seier Egeland.

Det er berre veker sidan sist gong det brann i ein annan garasje i det same nabolaget.

Har du bilete? Send til reaksjonen@stord24.no eller på Facebook.

Saka vert oppdatert.