Illustrasjonsfoto.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Brannvesenet på Stord måtte rykke ut etter at ein fritidsbåt var kome i brann i Fjellbergsund.

Det var i 11.30-tida på grunnlovsdagen at meldinga om brannen kom.

Fjelbergsund skil øyane Borgundøy og Nordhusøya.

– Dette er ein båt som låg på nordsida av Fjellbergssundet, der det oppsto røyk i motorrommet men ikkje open flamme. Då det har ikkje vore noko brann der, men ein elektrisk kortslutnad eller noko sånt, opplyser Leif Rune Vad i Stord brann og redning.

– Var hendinga dramatisk?

– Det var ei dramatisk hending i byrjinga, men så fekk me melding undervegs om at dette roa seg. Me har no slept båten inn til Leirvik hamn, der den ligg fortøyd.

- Annonse -