Foto: Kjetil Rydland
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Politiet melder om at det har brote ut brann i ein fiskebåt på Fitjar.

Rett etter klokka 12 fekk politiet melding om brann i ein fiskebåt ved Fitjar Mekaniske Verksted.

Rundt tre kvarter seinare opplyser brannvesenet at dei har kontroll på brannen.

Det skal ikkje vere personar om bord då brannen starta, og det er heller ikkje spreiingsfare, men politiet varslar om ein del røyk på området.

Røykdykkarar vart sendt til staden for å sløkke brannen.

- Annonse -

- Annonse -