Illustrasjonsfoto.
- Annonse -

Fire personar vart evakuerte men ingen kom til skade då ein einebustad brann på Reksteren 1. juledag.

Politiet fekk inn første meldinga om brannen klokka 8.56 onsdag.

Klokka 11 melder 110-sentralen at brannen var sløkka.

Fire personar skal ha blitt evakuerte som følgje av brannen.

– Bebuarane i huset har evakuert seg sjølv og ingen har fått i seg røyk. Det kan sjå ut som det har teke fyr på utsida, sa operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt til BT.

Det skal ha brent godt på loftet og vore mykje røyk på staden. Det skal ikkje ha vore fare for spreiing til andre hus.

- Annonse -