Illustrasjonsfoto.
- Annonse -

Det byrja å brenne i ein firemannsbustad på Bremnes onsdag morgon. Alle bebuarane er gjort greie for.

Det var klokka 9.25 at naudetatane fekk melding om bustadbrannen i Raunevegen på Bremnes. Brannvesenet fekk raskt kontroll på brannen, og ingen av bebuarane vart skadd.

– Røykdykkarar driv sløkkingsarbeid i huset, og det skal vere gjort greie for alle personar, seier vaktleiar ved 110-sentralen, Bjørn Tollefsen til BT.