Illustrasjonsfoto.
- Annonse -

Alle naudetatane rykka ut etter melding om røykutvikling.

Klokka 13.26 torsdag ettermiddag fekk naudetatane melding om ein bygningsbrann i Brurabrotet på Rommetveit.

I følgje politiet skal det ha kome røyk frå ein bustad.

– Me fekk melding frå ein innringar om at det hadde vore eit branntillaup inne i eit hus. Brannvesenet er på staden no i lag med dei andre etatane, sa vaktleiar Ruben Bøe Thomsen i 110-sentralen.

– Er brannen under kontroll?

– Det verkar som om det er kontroll på staden.

- Annonse -

Klokka 14 opplyser politiet at det likevel ikkje var snakk om ein bustadbrann. Røyken stamma frå ein el-sykkel.

– Det viser seg å vera røyk frå batteri til ein el-sykkel. Det var ingen opne flammar. Sykkelen har stått inne i huset, difor kom det røyk derfrå, melder Sørvest politidistrikt.