Illustrasjonsfoto.
- Annonse -

Bebuarane kom seg trygt ut av huset.

Klokka 6.26 onsdag morgon fekk naudetatane melding om brann i ein bustad i det ytre området av Leirvik.

– Brannvesenet har kontroll og bebuarane er ute. Det har ikkje vore opne flammer, men mykje røyk, melder Sørvest politidistrikt.

Politiet har allereie ein klar formeining om kva som har vore årsaka til brannen.

– Årsaka er nattmat som bebuaren i kjellaren sovna i frå.

Denne personen er sjekka av helsepersonell på staden, og han har ikkje blitt skada på noko vis.

- Annonse -

Brannvesenet opplyser at mannskap både frå Leirvik og Sagvåg brannstasjon rykte ut til brannen.