Foto: Mats-Mikal Nordhaug Langøy
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Store brannstyrker har rykka ut til brann i ei gammal mølle i Sagvåg. 

Det oppsto full fyr i ein ubebudd bygning i Sagvåg sentrum søndag kveld, og brannmannskapa hadde lenge ikkje kontroll på brannen.

– Me har to mannskapsbilar på staden og ein tankbil som held på. Dei melder frå at dei ikkje har kontroll på brannen. Huset skal vere heilt overtent, fortel vaktleiar Christer Gilberg, i Ararmsentral brann Sørvest.

Foto: Tipsar

Brannvesenet fekk inn første melding om brannen klokka 19.36.

Det skal ikkje vere fare for spreiing til andre bygg i nærleiken.

– Det er ikkje umiddelbar fare for spreiing. Sjølv om dei ikkje har kontroll på brannen skal dei ha nok vatn og folk til at brannen ikkje skal spreie seg vidare.

- Annonse -
- Annonse -

Politiet opplyser at det er eit hus som vert kalla Møllehuset som det brenn i.

– Denne mølla har ikkje vore i bruk på mange, mange år, seier Leif Rune Vad i Stord brann og redning til Haugesund Avis.

Det skal ikkje vere mistanke om at det er folk i bygget.

- Annonse -

– Dette skal vere ein ubebudd bustad. Me har ikkje noko mistanke om at det er folk i huset.

Huset som brenn ligg i Einarsdalen, like ved Sagvåg sentrum. Brannvesenet melder at det også skal brenne litt i naturen rundt.

Saka vert oppdatert.

Foto: Mats-Mikal Nordhaug Langøy
- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -