Politiet har bede om bistand frå DSB i etterforskinga av dødsbrannen om bord Hordagut på Fitjar 27. oktober 2020. Foto: tipsar
- Annonse -

Like før klokka 16:00 tysdag fekk naudetatane melding om brann i eit fartøy ved skipsverftet Fitjar Mekaniske Verksted.

– Éin person skal vere brannskadd, ukjent omfang, og fleire personar har inhalert røyk, skreiv Politiet i Sør-Vest på Twitter klokka 16:23.

Få minutt seinare kjem det fram i ei oppdatering at brannen er sløkt og at personen som er brannskadd får behandling på staden.

– Skadeomfang er ukjend, men vedkommande skal vere ved medvit. Tre andre personar har inhalert røyk og vert tilsett av helse på staden, melder politiet.

Brannen skal ha skjedd på båten Hordagut. Foto: tipsar

Det er uklart kva som er årsaka til hendinga, og Irene Ragnhildstveit ved Politiet i Sør-Vest sin operasjonssentral kan ikkje sei kva slags fartøy det er snakk om.

– Eg har ikkje fleire opplysningar enn det som står på Twitter. Naudetatane er framleis på staden og gjer dei undersøkingane dei må gjere, seier ho.

- Annonse -

Stord24 får opplyst frå ein tipsar at det var to ambulansehelikoptre på staden. I følgje Haugesunds Avis er den brannskada personen frakta med ambulansehelikopter til Haukeland sjukehus.

Saka blir oppdatert.