Frå venstre: Advokat Håkon Velde Nordstrøm, advokat Astrid Aksnes, advokat Per-Ivar Hessen, advokat Øyvind Kvåle, advokat Øyvind Gaute Berg og advokat Sturla Nødtvedt. Foto: Sigbjørn Linga/Hordaland Folkeblad
- Annonse -

Stord-firmaet Borgen Advokatar AS overtek kontoret til Advokatfirma Kvåle ANS i Norheimsund, og vil dermed vere til stades på fem stadar på Vestlandet.

Avtala kom på plass ved årsskiftet i samband med at leiaren av firmaet skal pensjonere seg, skriv Borgen Advokatar i ei pressemelding.

– Gjennom etableringa i Norheimsund vil vi vidareføra og forsterka det gode advokattilbodet som hardingane har hatt over mange år, seier dagleg leiar i Borgen Advokatar AS, Øyvind Gaute Berg.

Det vil i første omgang vere éin tilsett frå Advokatfirma Kvåle ANS som følgjer med etter oppkjøpet, og som vil ha fast tilhald i Norheimsund. I tillegg er målet er målet å tilsetja ein advokat til i Norheimsund i løpet av 2018.

– Eg er glad for at hardingane får vidareført tilbodet om advokattenester i nærmiljøet. Det er stor trong for eit advokatkontor som kan tilby tenester innanfor alle sektorar – for privatpersonar, næringsliv og offentlege etatar, seier advokat Øyvind Kvåle som er driv advokatfirmaet i dag.

Borgen Advokatar AS har hovudkontor på Stord og har frå før avdelingskontor i Kvinnherad, Haugesund og på Voss. Nordheimsund blir dermed den femte lokasjonen for advokatkontoret.

- Annonse -

Advokatfirmaet hadde i 2016 ein omsetnad på 23,5 millionar kroner, og eit resultat før skatt på 1,6 millionar kroner.

- Annonse -