Foto: Tor Andre Johannessen
- Annonse -

Proessbåten MS Taupo som blei sjøsatt ved Fitjar Mekaniske Verksted i november blei laurdag døypt i Haugesund.

Laurdag var ein stor dag for det lokale reiarlaget frå Bømlo, Napier, som fekk døypt MS Taupo.

Det heile skjedde utanfor Maritime Hotel i eit vinterkledt Haugesund, og det var gudmor Mari Tufteland som sto for sjølve dåpen.

Båten vart bygd i heilskap på Fitjar Mekaniske, og det er Heimli Ship Design som teikna båten.

I forkant av dåpen hadde Napier og Amar Group invitert gjester til ein demonstrasjon av Taupo der båten torsdag henta laks frå ei merd og fredag leverte den til Espevær Laks sitt slakteri i Langevåg på Bømlo.

– Taupo-konseptet vekkjer interesse langt utenfor Norge. I tillegg til bransjefolk fra Norge var det deltakere fra Canada, Chile, Spania og Tasmania, skriv dagleg leiar i Napaier, Kjetil Tufteland.

Det var gudmor Mari Tufteland som døypte båten MS Taupo. Foto: Tor Andre Johannessen
- Annonse -

MS Taupo var den største arbeidsbåt-kontrakten som Fitjar Mekaniske nokon gong har inngått. Båten har diesel-elektrisk framdriftssystem og er velustyrt med stor kapasitet.

Arbeidsområde er innan oppdrettsnæringa, konstruksjonsarbeid- og undervassarbeid, ulike transportoppdrag og som støttefartøy ved marine operasjonar.

Ifølgje Napier vil den nye prosessbåten vera ei vidareutvikla utgåve av Napier sin båt MS «Tauranga», og er resultatet av eit konseptarbeid som har gått føre seg i 11 år.

Napier får også bygd eit søsterskip til «Taupo» i Fitjar. Denne båten skal ferdigstillast i mai i år.

– Me gler oss over å komma i gong med endå eit nybyggingsprosjekt av HFMV-design på Fitjar og forsterka vår offensive satsing på prosessbåtar, skriv Napier i ei pressemelding då.

Sjå video frå då MS Taupo blei sjøsett i Fitjar i september:

- Annonse -