Foto: Bømlo kommune
- Annonse -

Rådmann Geir Ebbesvik Aga vart frakta i ambulanse til Haukeland torsdag ettermiddag. Tilstanden skal vere kritisk. 

Dette melder ordførar Odd Harald Hovland til Bømlo-nytt i dag. Han har no kalla inn til ekstra formannskapsmøte i morgon, etter å ha vore i kontakt med pårørande.

– Tilstanden er framleis uavklart og kritisk, seier Hovland til avisa. 

Rådmannen skal ha blitt råka av hjartestans etter eit møte i Bergen på torsdag.

Han fekk førstehjelp og blei frakta vidare med sjukebil til Haukeland universitetssjukehus.

Forutan å vere rådmann på Bømlo er Aga også leiar i Trott IL på Stord.

- Annonse -

– Me håpar på det beste og kryssar alt me har for at dette skal gå bra. Inntil vidare overtek Birger Grov leiaransvaret i Trøtt, skriv styret i Trott IL i ei melding på klubben sine nettsider.

- Annonse -